Skulen     Rådsorgan     Helse/trivsel     PPT     Rådgjevar     Lenker     



Skulemjølk
Bestilling skulemjølk
 

Skulestart

Publisert 19.08.19,

Regnfulle skyer hadde festa grepet i fjellsidene vi er omkransa av, og gav på mange måtar eit signal om at ein lang, varm og god sommarferie no er over.

Planta skilt

Vår nye rektor, Rut Solveig Nydal Netland, ønskte alle våre flotte elevar velkomen til eit nytt skuleår. I same slengen vart to skilt planta med kraft i bakken mellom skuleplassen og Belehalli. Skilta fortel kva vi alle vil leggje vekt på kommande skuleår: «Eg vil lære mykje» og «Eg vil vere ein god ven».

Nye elevar

For Sagatun skule er det sjølvsagt ekstra stas å ta i mot dei nye 1. klassingane. Ein flott bukett av unge håpefulle tok sine første steg i eit langt utdanningsløp. Vi ønskjer dei hjarteleg velkomne.




P { margin-bottom: 0.21cm; }


Attende til startsida

  Visjon - ped. plattform  Les meir
SKOLEARENA  Les meir
Fråværsføring-vitnemålet  Les meir
Pålogging web-mail  Les meir
SØKNAD SFO 2019-20  Les meir
 

WEBSØK
Bibliotek