Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Tenesta kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. Balestrand kommune har eit eige kontor med kontorstad på Helsesenteret. Kontoret har eit fagleg forpliktande samarbeid med fleire kommunar i ytre Sogn og ytre Sunnfjord. Vi kan hjelpe til med: • Lese- og skrivevanskar • Matematikkvanskar • Stamming / taleflyt-vanskar • Afasi / språkvanskar etter hjerneslag • Stemmevanskar
Vi kan formidle hjelp ved: • Åtferdsvanskar • Sosiale og emosjonelle vanskar • Ulike funksjonshemningar
I dei sakane der vi ikkje har eigen kompetanse, har vi tilgang på anna kompetanse gjennom vårt samarbeid i Ytre Sogn og – Sunnfjord. Med anna kan dei hjelpe oss med psykolog tenester. Orientering til føresette: Foreldre som er bekymra for barna sine kan ta kontakt med oss direkte på telefon, komma innom kontoret eller sende ei skriftleg oppmelding. Det ligg ved skjema til oppmelding. Foreldre som er bekymra for barna sine kan ta kontakt med oss gjennom lærar ved skulen. Orientering til elevar: Elevar som har fylt 15 år kan sjølve ta kontakt med oss om det er noko dei ønskjer hjelp med. De finn oss på kontoret på Helsesenteret eller de kan ringe oss på tlf. 57691685. Tilsette: Balestrandkontoret har ein stillingsheimel på 100% og er for tida bemanna med to personar. Sissel Melvær i 40% og Åse Glans Urdahl i 60% stilling. Vi kan treffast tysdag, onsdag og torsdag på Tlf: 57 69 16 85.
Eller du kan skrive til oss på adresse: PPT for Ytre Sogn og – Sunnfjord, Balestrandkontoret, Postboks 73, 6898 Balestrand. Skjema • Tilvisingsskjema einskildsak • Tilvisningsskjema systemarbeid
|