Foredrag om Aserbajdsjan og Usbekistan
Det var veldig kjekt at Leanora og Vivian ville fortelje om opphaldet i utlandet. Lærerikt og spennande! Klassen vart også lurt: Me fekk utdelt "stein" som eigentleg var sjokolade - nam!
Det var veldig kjekt at Leanora og Vivian ville fortelje om opphaldet i utlandet. Lærerikt og spennande! Klassen vart også lurt: Me fekk utdelt "stein" som eigentleg var sjokolade - nam!
Fredag 10. juni var me så heldige å få innom på besøk hjå Åsa. Der fekk me god undervisning om småkryp, planter og blomar av Stein Joar Heggland. Det var stor stas å helse på sauene og kyllingane. Ei lærerik og kjekk oppleving. Tusen takk for oss!
Tysdag 7. juni kunne me endeleg ha den tradisjonelle stjerneorienteringa vår. Det vart ein flott dag, der elevane var delt i 15 grupper på tvers av klassestega. Dei fekk svara på mange ulike oppgåver i det strålande vèret, og såg ut til å vere både slitne og nøgde etterpå.
På høgskulen fekk elevane sjå framsyninga "Sommarfuglen og larven". Det var stas å bli invitert fram på scena med skodespelarane. Me fekk tid til å besøkje installasjonen "Auditomosjon" (lydleikeplass) og klatre på uteområdet. På veg til busshaldeplassen gjekk me igjennom campus for å sjå stadion til Sogndal og vidaregåande.
Fin utedag i nærområdet. Elevane utforska ulike artar innanfor ein gitt kvadratmeter. Dei fann samansette ord i naturen. Me såg rumpetroll i dammen.
Etter ei veke med tema klima har me blitt inspirerte til å lage noko nytt av ting som eigentleg skal kastast, og ikkje berre kjøpe nytt. Me har difor prøvd å laga blomsterpotter av mjølkekartongar. Det gjekk veldig fint! Etterpå planta me Stemorblomstrar. No er klasserommet flott pynta.
Tema for veka har vore klima. Onsdag reiste me bort til ViteMeir for å gi vårt klimabrøl til brølofonen. Fredag markerte me jorda sin dag. Elevane fekk utdelt arbeidsplan med klima-oppåver. Eitt av punkta var å lage ei klimateikning som kunne sendast til Ida-Beate Mølmesdal, som arbeider med klimaplanen for Vestland fylke. Ei anna oppgåve var å plukke boss i naturen. Jorda sin bursdag vart feira med jordklode-muffins. :)
Her kan de høyre klimabrølet vårt: https://brol.klimabrolet.no/brol/701136296
Her kan de lese meir om klimabrølet og brølofonen: https://www.vitemeir.no/aktuelt/bli-med-og-brle-for-klima