Påskeeggjakt
I siste time før påskeferie hadde Jorunn fiksa ein påske-loop. Løysningssvaret gav elevane ein ledetråd på kvar påskeegga var gøymt.
I siste time før påskeferie hadde Jorunn fiksa ein påske-loop. Løysningssvaret gav elevane ein ledetråd på kvar påskeegga var gøymt.
Fredag 8. april var det duka for vekas andre kodetime med blue-bot. Denne dagen var det programmering med Eskil på ViteMeir. Flott progresjon i oppgåvene frå dagen før. Elevane lagde labyrintar som roboten skulle køyre i.
Torsdag 7. april hadde me besøk av Camilla frå Sogn opplæringskontor. Ho lærte oss å programmera med blue-boot.
Kjekt med uteskule i sola! Me starta morgonen med å sjå fleire hjortar som beita i skogen. Vidare var det leik og kortstaffett som stod på planen. Etter frukt og leik vart det både engelsk-loop og ulike oppgåver knytt til veketema teknologi. Lunsjen smakte ekstra godt i fin natur og med sol i fleisen.
I kunst og handverk har elevane laga oppfinningar i keramikk. Veka etter laga dei robotar. Forarbeidet med idear og skisser har dei gjort i naturfagsboka.
Musikklærar Kari har kule idear.
Elevane har laga kvar sin sanseboks med lukt av vassmelon.
Ein fin dag med uteskule. Det var leik, aktivitetar, norsk-loop frå tre til tre, gjennomgang av tema sansane, føring av "ein blind person" og matematisk spel. Me åt både frukta og nistepakken ute.
1. - 4. klasse hadde ein kjekk og aktiv dag på Kvernhushaugen onsdag 2. mars.
Karnevalet i 2. klasse var stor suksess. Elevane svinga seg på dansegolvet i flotte fantasirike og kreative kostyme. Fastelavnsbollar, muffins og saft stod på menyen. Det var ekstra stas at elevane hadde baka bollane sjølv. Ei super avslutning på veka før velfortent vinterferie!