Songstund for småskulesteget
1.- 4. klasse gjentok suksessen med felles songstund. Kari sytte for flott opplegg og dirigering.
Tur til museet
Torsdag 23. september var me tilbake på museet for å ta opp potetene som klassen sette i vår. Me fekk også vere med på å lage eplejus. Den smake utruleg godt, nam! Me hadde god tid til leik og ei fin matstund.
1. - 4. klasse på skogstur
Fredag 27. august pakka småskuleelevane sekken ei god stund før lunsjtid, og la i veg retning Mårkjettehola. Det vart god tid til leik og blåbærplukking før nistepakken skulle fram. Ein flott og solrik lunsjtur i nærmiljøet.
Tverrfagleg samarbeid på småskulesteget
Onsdag 25. august treftest 1. - 4. klasse for samarbeid på tvers av klassane. Elevane vart delt inn i fire grupper og rullerte mellom brettspel, musikk, LandArt (kunst i naturen) og songleikar.
Småskulesteget på tur
1. – 4. klasse oppsøkte torsdag det flotte turområdet på Kaupanger. Turen gjekk til Kronprins Haraldsplass, kanskje best kjent som Kongeplassen. Elevane boltra seg i det herlege terrenget og blant dei mange fine leikeplassane i naturen. Dagen var vellukka med kreativ skaparglede, fysisk aktivitet og sosialt samvær på tvers av alderstrinn.
Songstund
Onsdag 18. august samla 1.-4. klasse seg for ei songstund. Kari, som er musikklærar for alle elevane på småskulen, hadde regien. Kaupanger skule er ein "syngjande skule". Det vil seie at skulen legg til rette for meir song og songglede på skulen.
Mat og helse
Me har laga safarikake. Det var stor stas! Veldig kjekt å baka, og endå kjekkare å eta!😉
Kunst og handverk
Denne veka lærer me meir om insekt. I kunst og hanverk har elevane laga bie av papp.
Tur til Amla
Torsdag 3. juni gjekk turen heilt inn til Amla. Me leika og kosa oss hjå Even. Etter me hadde ete mat gjekk turen vidare til huset til Leanora. Me avslutta dagen med å stoppe hjå Åsa. Det var stor stas å få halde kyllinngar. Tusen takk for gjestfridomen!