Sommarkunst
🦋 🦋 🦋
🦋 🦋 🦋
I år er det ni førsteklassingar som bur på Skogen. Torsdag 27. mai tok me turen for å sjå kvar dei bur. Kjekt å treffe hønene til Jakob og Joakim, hunden til Mathias, hønene til Isak, katten til Henry og hunden til Maria. Me åt mat og kosa oss på leikeplassen på Hovland og i hagen til Viljar. Takk til Ida-Beate for frukt, Morten for is og Magne for at me fekk besøke lamma. På veg tilbake til skulen rakk me jammen ein time i Tufteparken. Ein super dag!
Me hadde ein fantastisk tur til museet for å setja poteter. Klassen vart delt i to grupper. Den andre gruppa var i eventyrskogen. Etter mat bytte me aktivitet. Det var kjekt å treffe dyra på garden. Elevane var flinke til å gå begge vegane. Ein lærerik og fin dag!
Dagen starta med å ta buss til Sogndal. Her øvde me oss på å gå av/på bussen. På heimvegen stoppa me på Valeberg. Då fekk klassen sjå kor Amanda bur. Vidare gjekk med ned til Kristina. Her teikna me, spelte kubb og såg på lamma. Etter me hadde ete, leikte me "per på boks" og åt is. Me gjekk tilbake til skulen.
Me laga tallinjer med kritt og spelte tiarvenner-spel.
I veke 16 hadde me koding som tema. Me jobba på papir, Ipad og spelte spel. På fredagen avslutta me med kode-kroppsøving. Elevane laga eigne ruter og koda partnaren gjennom løypa.