57 69 47 70 Send e-post
SagatunSkule
< Startsida

Mobbeombod i Sogn og fjordane

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 91 87 90 92 eller på e-post aina.drage@sfj.no Du kan følgje ombodet på Facebook (https://www.facebook.com/mobbeombodetsfj/).

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på http://www.sfj.no/mobbeombodet.469554.nn.html

Oppdatert: 18.10 2019   Skriv ut