57 69 47 70 Send e-post
SagatunSkule
< Startsida

Visma Flyt Skole

Skulane i Nye Sogndal skal over i eit nytt felles administrasjonssystem, Visma Flyt Skole. Her skal lærarane registrere fråver, anmerkning, karakterar, sende ut vurderingar og sende ut meldingar til foreldra. Systemet kommuniserar med elektronisk arkiv og folkeregistret. Foreldra kan logge inn for å sjekke det som er relevant for sine elevar. 

Det er no komme ein foreldreapp som heiter "Min skole - foresatt".  Appen må lastast ned og instalerest på telefonen. Ved første gongs innlogging må ein bruke idporten. Ved seinare bruk, treng ein ikkje gjer dette. I denne kan ein kommunisere med lærar, melde fråver + mykje meir.  

Viktig: Alle foreldre må logge seg inn på web-versjonen. Legge inn e-postadresse og telefonnummer på seg sjølv, godkjenne generelt samtykke og andre samtykke som ligg inne på elevkorta. Om ikkje dette vert gjort, vil ein ikkje motta informasjon frå Visma Flyt Skole.

Oppdatert: 18.10 2019   Skriv ut