57 69 47 70 Send e-post
SagatunSkule
< Startsida

Opning av Skule og SFO for 1-4 klasse (27.04)

Til føresette på Sagatun skule-SFO
Det er bestemt at skulane i Sogndal opnar igjen måndag 27.04 for 1.–4. trinn og SFO. Vi skal gjere det vi kan for at dette skal gå fint, sjølv om ting ikkje er heilt tilbake i normale forhold. Nasjonale myndigheiter er tydelege på at det er trygt for barn å kome tilbake til skulen. Skulane i Sogndal følgjer dei nasjonale retningslinjene i høve smittevern, og ut i frå det legg så godt grunnlag som mogleg for eit godt og trygt skulemiljø. For at vi skal få dette til på ein god måte er det viktig at vi følgjer reglar og prosedyrar for oppstart. Det er tre hovudlinjer vi skal jobbe etter:

  1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen
  2. God hygiene
  3. Redusert kontakt mellom personar
 
Utdanningsdirektoratet har laga eit informasjonsskriv over forhold det er viktig å tenkje på ved oppstart. Vi ber dykk lese denne og innrette dykk etter den så godt som mogleg. Den finn de her.
Det er også av Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet utarbeida ein Rettleiar om smittevern for skule 1.–7. trinn under covid-19 utbrotet 2020.
Denne rettleiaren har alle tilsette på skulane sett seg inn i før borna kjem. Den gir råd og støtte til skulane i drift under koronavirusutbrotet. 
Dette informasjonsskrivet går ut med fellesinformasjon til føresette i Sogndal kommune og med info frå Sagatun skule siste delen av dette brevet.
 
 
Opning:
 

Reglar for undervisning av eigne barn
Vi veit at nokre av dykk er usikre på om det er trygt og rett å sende barna dykkar på skulen. Som nemnt tidlegare i dette skrivet har nasjonale myndigheiter slege fast at det er trygt for barn å gå i skule. Vi vil gjere det vi kan for å sikre at dette også gjeld for skulane i  Sogndal. Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Norge har rett og plikt til grunnskuleopplæring. 
Regelverket gjer det mogleg for føresette å ta barna ut av skulen og undervise eigne barn heime. Det er dei føresette som då har ansvaret for å gje barna opplæring, tilsvarande opplæringa i skulen. Viss føresette vel heimeundervisning, er det viktig at de er klar over at barnet ikkje lenger er ein del av den offentlege grunnskuleopplæringa, og at dei vert fråtekne ein del rettar etter opplæringslova. Blant anna har barnet ikkje rett til spesialundervisning (eller standpunktkarakterar for høgare klassetrinn).
Utdanningsdirektoratet understrekar at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen. Sjå rettleiaren synt til over for utdjuping av kva barn som ikkje bør møte på skulen. Sogndal kommune stiller seg bak Utdanningsdirektoratet sine vurderingar, og oppmodar alle som kan om å sende barna sine på skulen. 
Viss føresette likevel vel å halde barna heime, kan de ikkje forvente at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Foreldre som vel å ikkje sende barna på skulen, må sjølv ivareta opplæringsplikta.


 
Skuleskyss

Viss elevane tek skolebuss, må de hugse å halde god avstand, både mens de ventar på bussen og i bussen. Ein bør ikkje bruke skuleskyss og offentleg transport viss det er mogleg. Ved bruk av skuleskyss, bør elevane sitje med minst eit sete mellomrom.

 
Viss barnet ikkje kjenner seg bra

Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom og har sjukdomskjensle, skal dei ikkje kome på skulen. Det er ekstra viktig no at borna er heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgje eller hente born på skulen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje kome på skulen. Viss barnet blir dårleg på skulen, må de hente barnet så fort det let seg gjere.

 
Mat i SFO og mjølk i skulen
Det vert ikkje matservering på SFO første veka, så alle må ta med nok mat. Det er lurt å ha maten i matboksen og ha mat som er lett å ete og ikkje skal førebuast/skrellast/eller der vaksne må gje hjelp. Det vert ikkje kravd matpengar i tidsrommet der vi ikkje tilbyr mat. Det vert heller ikkje servert mjølk første veka. Vi ber alle elevar om å ha med seg eiga drikkeflaske, merka med namn. Reinhald av drikkeflaska ber vi om at vert sikra i heimen. 

 
Inndeling på skulen.
På Sagatun skule held ein fast på den vanlege klasseinndelinga utan samanslåing av klassar. Det vil seie at kvar klasse er saman med sin eigen kontaktlærar og assistent heile dagen både inne og ute. 1. og 2. klasse er dei på dei vanlege klasseromma på småskulen. Dei har kvar sin inngang til bygget. 3. og 4. klasse held til på 7.og 6.klasseromma på mellomtrinnet. 3. klasse nyttar musikkrominngangen nede, og 4.klasse den vanlege inngangen til mellomtrinnet oppe. Ingen foreldre/føresette får komme inn i skulebygningane. Klassane tek friminutt når dei ynskjer det og uteområda er fordelte på klassane for kvar dag. Ein dag i veka har kvar klasse uteskule utanfor skuleområdet. Elevane får vere mykje ute i frisk luft. 
 
Reinhald
På Sagatun skule er det dei tilsette på reinhald som tek alt reinhald i løpet av dagen. Toalett/vaskeservantar/dørhandtak vert vaska 2-4 gonger pr dag. Borna og lærarane/assistentane vaskar hender mange gonger kvar dag.
 
 
Opningstider Skule
Måndag: kl 08:30 – 12:15 (1.klasse) - 13:00 (2.- 4.klasse)
Tysdag:  kl 08:30 – 14:00
Onsdag: kl 08:30 – 12:15
Torsdag: kl 08:30 – 14:00
Fredag:  kl 08:30 – 12:15 (1.klasse) - kl 13:00 (2.- 4.klasse)
 
Opningstider SFO
Mandag: kl 12:15 – 15:30
Tysdag:  kl 14:00 – 15:30
Onsdag:  kl 12:15 – 15:30
Torsdag: kl 14:00 – 15:30
Fredag:   kl 12:15 – 15:30 
 

Dersom nokon ynskjer endringar i SFO-tilbodet, er det vedtektene som er gjeldande. 
Det er fint om borna har med seg gode utekle og klebyte til skule og SFO.
Ta kontakt med kontaktlærar eller rektor om de har spørsmål.
 
Velkomne på skulen på måndag!
 
 
Rut Solveig Nydal Netland (rektor) 90632698
Ole Gunnar Krakhellen (kommunalsjef) 
Oppdatert: 06.08 2020   Skriv ut