Fellessamling
Tysdag 5.november hadde dei 100 elevane i 1.-4.klasse framsyning for resten av skulen på formiddag, og kl 15 viste dei same forestillinga for dei føresette. Tema denne gongen var «Dyrenes Karneval» av komponisten Camille Saint-Sains. Alle elevane hadde dyrekostymer og dansa til klassisk musikk. I tillegg song me nokre songar, og denne gongen var me så heldige å få med oss Akiko Anzawa Sæter frå kulturskulen på piano.