Kunstprosjekt
Dei som jobbar i Familiens hus i Sogndal kommune har ynskt kunstverk til dei kvite veggane sine i Dalavegen. Dei har invitert born og unge i kommunen til å lage kunst. 2. klasse tok utfordringa og har laga eit kunstverk i leire. Først trykte og skar me ut figurar og bokstavar. Så vart det målt med bobler laga av måling og zalo. Til slutt ferdigstilte me med tråd og perler. Det har vore ein lærerik og kjekk prosess.