Skulen     Rådsorgan     Helse/trivsel     PPT     Rådgjevar     Lenker     



Skulemjølk
Bestilling skulemjølk
 

Handlingsplan mot mobbing


Opplæringslova, § 9a–1 :

”Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Opplæringslova, § 9a–3 første ledd:

”Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør”.

1. Skulen sitt overordna mål
Saman med foreldre og elevar skal skulen:
- skape eit trygt og positivt miljø for alle
- ikkje akseptere noko form for mobbing eller plaging
- ta alle signal om eventuell mobbing på alvor
- utvikle elevane sine evner til empati og verdival og lære dei fin framferd
- få alle i miljøet til å utvikle eit positivt forhold til skulen 

2.  
Definisjon av mobbing
- ein person er mobba eller plaga når han eller ho, fleire gonger og over
  ei viss tid, vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre
  personar.

3. Førebyggjande tiltak mot mobbing

3.1  
Skulenivå
Overgangar; barnehage/skule/grendaskular/hovudsteg
¨ Informasjon
¨ Felles aktivitetar

Trivselsdagar med fokus på samarbeid (min. èin pr. semester pr. steg)
¨ Temadagar på tvers av klassesteg
¨ Open dag med foreldre/besteforeldre
* Felles foreldremøte om hausten

Kartlegging av skulekvardagen
¨ Spørjeundersøking om mobbing
¨ Evaluering av undersøkinga – oppfylgjing og tiltak på klassenivå

* Fadderordningar
¨ Faste tidfesta fellesaktivitetar mellom klassane

Inspeksjonsordning
¨ Administrasjon og teamleiarar samordnar inspeksjonsplanen
¨ Meldeskjema til registrering av mobbing i skuletida

*
Tilrettelegging av utemiljøet og aktivitetar i friminutta
¨ Teama  har ansvar for å skape varierte aktivitetar for alle elevane

Jamnleg evaluering av tiltak
¨ Samla kollegium, èin gong i månaden


3.2  
Klassenivå

* Klassemøte kvar 14. dag. Tema: trivsel på skulen/haldningar/verdival
¨ Kontaktlærar skriv referatskjema til klassearkiv
¨ Rektor får kopi av referatskjema frå klassane
¨ Elevane skriv trivselslogg minimum èin gong i månaden
¨ Ha auka merksemd på positiv åtferd – forsterke denne

Klassereglar

Tilhøyrigheitsgrupper/besøksgrupper
¨ Opprette tilhøyrigheitsgrupper i 1. klasse
¨ Vidareføre tilhøyrigheitsgruppene ut barneskulen

”Steg for steg”
¨ Vidareføre programmet på barnesteget (småskulen)

* Foreldremøte
¨ Trivsel skal vere fast punkt på saklista

3.3  Individnivå

Elevsamtalar
¨ Minimum èin pr. elev i semesteret

Foreldresamtalar
¨ Minimum èin pr. elev i semesteret


4. 
Tiltak ved melding/oppdaging av mobbing

4.1  
Innhenting av informasjon frå involverte partar

Bruk av meldeskjema til registrering av mobbing i skuletida
¨ Lærar/assistent rapporterer ved mistanke og konkrete mobbesituasjonar
¨ Skjema skal leverast kontaktlærarar til involverte elevar – kopi til rektor
¨ Skjema skal takast opp som fast punkt på alle teammøte

*  Samtale med den/dei som vert mobba
¨ Lærar/assistent som oppdagar mobbing snakkar med
    den/dei som vert mobba snarast
¨ Lærar/assistent informerer kontaktlærar

Samtale med den/dei som mobbar
¨ Lærar som oppdagar mobbing snakkar med den/dei som mobbar snarast
¨ Lærar informerer kontaktlærar

4.2 Kontakt med heimen

Kontaktlærar informerer føresette til den/dei som mobbar
¨ Telefonisk kontakt
¨ Ved alvorlege tilfelle - møte på skulen

Informere føresette til den/dei som vert mobba
¨ Telefonisk kontakt
¨ Ved alvorlege tilfelle - eventuelt møtast viss foreldra ynskjer dette

4.3 T
iltak på individnivå

Den/dei som vert mobba
¨ Kontaktlærar og elev, eventuelt foreldre, blir samde om felles strategi
    framover. Strategien må vere felles for alle lærarane.
¨ Konkrete/eintydige avtalar om rapportering - munnleg eller via logg
¨ Tett oppfylgjing frå kontaktlærar si side – gjensidig informasjon


* Den/dei som mobbar
¨ Elev/føresette vert kalla inn til møte ved alvorlege brot på ordensreglane
¨ Sanksjonar ut frå ordensreglane
¨ Gjere avtalar med heimen – tett oppfylgjing      
¨ Kontaktlærar/rektor lagar ei mappe over dei rapporterte mobbesakene
¨ Trekkje inn andre instansar ved alvorlege mobbetilfelle
           
4.4  Informere andre tilsette på skulen

*   Kontaktlærar formidlar informasjonen

 





  SØKNAD SFO 2019-20  Les meir
Skulerute 2019-2020  Les meir
Skulerute 2020-2021  Les meir
 

WEBSØK
Bibliotek