Fastelavn
Måndag 14. februar var me på skulekjøkenet å laga fastelavnsbollar og fastelavnsris.
Måndag 14. februar var me på skulekjøkenet å laga fastelavnsbollar og fastelavnsris.
2. klasse har lært meir om samane sin kultur og historie denne veka. Fredag markerte me samefolkets dag ute. Det var stemningsfullt i snøen med opptent bål og joik på anlegget. Akivitetane var lassokasting, spikking, natursti, aking, leik, grilling av pinnebrød og skigåing. Ein vellukka dag!
Dei som jobbar i Familiens hus i Sogndal kommune har ynskt kunstverk til dei kvite veggane sine i Dalavegen. Dei har invitert born og unge i kommunen til å lage kunst. 2. klasse tok utfordringa og har laga eit kunstverk i leire. Først trykte og skar me ut figurar og bokstavar. Så vart det målt med bobler laga av måling og zalo. Til slutt ferdigstilte me med tråd og perler. Det har vore ein lærerik og kjekk prosess.
Me har hatt to fine veker med tema tid. Elevane har jobba tverrfagleg. Det heile vart avslutta med arbeidsplan på fredagen.
Me var på skulekjøkkenet å baka nest siste skuledag. Siste skuledag før ferien fekk elevane servert sjølvlaga lussekattar, brownies, julebrus og godis. GOD JULEFERIE!
Fredag 17. desember spaserte 2. klasse bort til Vite Meir. Her fekk me vitja utstillinga. Der var det mange spennande utfordringar. Elevane fekk trent hjernen, leika og utfolda seg fysisk. Ein super dag!
Tysdag va det duka for uteskule igjen. Denne gongen vart det tent opp bål. Ei lita overrasking var "s´mores" (marshmallow, sjokolade og kjeks) til alle elevane. Jorunn hadde eit opplegg i norsk der elevane skulle hente ulike ting i naturen. På slutten av dagen høyrde me forteljing og avslutta med to leikar som handla om barn sine rettar.
Me hadde ei flott internasjonal veke. Mykje godt arbeid i klassen. Fin internasjonal dag med 1.-4. klasse. Ei bra avslutning på veka med appell, song og marsj felles med heile skulen. Det var litt spennande å stå framme på scena, men elevane var kjempeflinke!
Sjå filmklipp av songen me framførte:
https://nyesogndal.custompublish.com/getfile.php/4918670.2665.iqnkjlztkmjqps/20211022_102851.mp4
Matematikk, naturfag, fin matstund og god uteleik.